15. juni 2009

Rybak-

Tusen takk for at du har laga ein heilt utrolig fantastisk irriterande sang som feste seg til hjernen utansett kor mykje motstand eg gjer! Skyt meg.

summer?


No ligg eg her, i mi altfor mjuke seng og skuar over alt rotet på rommet mitt. To STORE kassar fulle av klær og sko.. Og dette var bare klesdelen av flyttelasset mitt.. Auch. Eigentleg likar eg ikkje å ha så mykje ting, men sp kan ein heller ikkje la vere:D Blir like forundra kvart år over kor mykje ting ein får inn på dei små internatromma!
Så.. mens rotet ligg her og godgjer seg, sånn halvvegs på veg ut av kassane og ned på golvet, og eg spent ventar på sumaren, tenkjer eg at eg stikk til Stavanger :D

(8) Ich verlieb in a farytale(8)

10. juni 2009

18:15 -Da va ein edderkopp på golvet

18:08 - 52 min til kvelds

Eksamen er gøy,
eksamen er toppen,
eksamen gjer et ein
vert sleten i kroppen(og hovudet)(sjølv om ein nesten ikkje har gjort nokon ting)(kjennest det i vert fall som)

18:04 -Kanskje eg skal ta meg ein joggetur?

Einaste negative med masse kaffi er at ein må på do HEILE TIDA!
Eg fann eit fint bilete

Hallelujah for kaffi og pianoet i peisestova

Dei hjelp meg i denne stund gjennom ei svært forferdeleg eksamenstid :)!

Elles er eg einig med desse snømenna her..

Kva gjer du for å spara miljøet?

(8) Saman for Framnes (8)


(klikk for større, tydlegare bilete..)

Mykje saklege meldingar på It's den siste tida.. Tjohei!
Ellers kom eg opp i friluftsliv til eksamen, det var jo forsåvidt inga bombe. Har faktisk komt lenger nå, på to timer, enn eg gjorde på muntlig friluftslivtentamen på 30.. SÅ vil leikar dette går bra. I og med at resten av skolen har fått ferie no, er det jo litt kjipt å sitta her å jobba med eksamen.. Men eg får i alle fall ro då, om ein skal prøva å fokusera på det positive! :) Bortsett frå at vaktmeisterassistenten står rett utanfor vunduet her i eit sånt brannmannstativ og målar. Eg sit i 2. etage... Han er no litt søt og. Så no satsar eg berre på at været held seg like overskya som det er no, så skal nok dette gå veldig fint :) God sumar til alle dykk som reiser heim i dag! GeekeKlem frå malene(;

5. juni 2009

Sommeravsluttning


Med klassa! Øystein(læraren over, som prøvar å mima mensen) hadde baka fotballkake til Sindre og Ove som hadde bursdag, ellers var det grillings :) Koseleg samvære med herlege folk! :D

litt av gjengen :)


3. juni 2009

STIMMUNG!!



Kva er vel betre enn fritime, friskis, fridom og gode vener? Og ikkje minst bilete frå ei minnerik helg :)



Hildegunn på Geitholmen, rett før me vart angripne av to stangande ulvar i fåreklede(les: Vær)



OG! Malene walking the streets of Kongshaug :):)

STIMMUNG!!!!!!!!!!!!!!!!!

27. mai 2009


Malene elskar å øva til prøve. Spesielt historie.
Og så snakkar ho om seg sjølv i 3. person, nett slik som Edvard Munc.
Ellers er livet bra.

26. mai 2009

Redd liv, et banan!


På laurdag valsa desse to søtisane rundt på torgallmenningen i byn. Der skulle me selja lodd for misjonsprosjektet/støtteprosjektet til russekullet på skulen vår, og happy ville me hjelpa til. For kva er vel ikkje eit betre resultat for nokre timar i byn, than nye landsbylegar, utbreiing av kunnskap som kan redda liv, hjelp til forfulgte og lese og skrivekunnskap til ein analfabet befolkning i Bangladesh? Så kreative som me var, prøvde me å finna på ein lur måte for å få folk like gira på dette som oss. Lettare sagt enn gjort.. Me vandra rundt der ei særs lang stund utan eigentleg å vite kor me skulle gjere av oss. Eg veit liksom sjølv kor irriterande det kan vere når folk kjem og heile tida vil ha pengane dine til å støtta det og det. Heile tida er det liksom noko, og så kjem dei der og pirrar i samvitet ditt. Har du og det slik nokre gonger? Desto meir dum kjente eg meg egentleg når eg sjølv var id en rolla som gjekk rundt og "kravde" pengar. Det er rart med det, men me er sjukt egoistiske i Noreg. Me er blant dei rikaste i verda, og har mykje meir enn me treng. Likevel rynkar me på nasa når det gjeld å hjelpa menneske som ikkje har hatt like mykje flaks som oss her i livet. For me har hatt utruleg flaks, me som har blitt fødd i Noreg, enten me innsjår det eller ikkje. For å seie det slik, at me svømmar rundt her i vår store velstand med bind for augene forandrar ikkje sanninga. Ei sanning som me bør ta av oss bindet for og sjå i augene. Faktisk bør me gripa oss sjølve midt i vår egosentriske verd, og forstå det ansvaret me har. Me har ein moglegheit til å gjere noko med det og. Me kan til dømes slutta å rynka på nasen neste gong nokon faktisk ofrar si eiga tid til å gå rundt og samla inn pengar til andre. Me kan faktisk gjere noko. Me kan stemma ved valget som snart er rundt hjørnet. Det at me faktisk har ein moglegheit, vil eg påstå gjer at me og har eit ansvar. Menneska der nede er fryktleg langt borte frå vår verd i fleire tydingar, men det gjer ikkje at dei er mindre vert og har mindre rett på eit verdig liv. Eg stemmer for 3% av BNP til u-landa. Kva stemmer du og er du villeg til å gjera ei innsats?

Dagens outfit:



Hadde forresten ein digg lunsj. Testa ut banan (5 kr) i lompe (first price 6,90 kr). Dette smaka faktisk veldig godt, og eg vil hjartens anbefala dette om pengeboka er faretruande tom og det framleis er litt for mange dagar igjen til kontoen fyllast igjen. (Eller om du har gitt alle pengane dine til Bangladesh)

Framgongsmåte:
surr 1 stk heil banan inn i 3-4 lomper.

Anbefaler to slike bananilompe for å verta god og mett.
Passande drikke: Sjokolademilkshake. Eventuelt din personlege favoritt.

Karakter: 4+ (5- med sjokolademilkshaken)

Barn leikar


Altså, kor mange kan skryta på seg eit "barn leikar"-skilt ved inngongen til sin videregåande skule? Eg tykkjer det er herleg. Ein vert nemmleg ikkje vaksen før ein tørr å vera barnsleg! Berre eg som tykkjer det er kjekt å leika? :)

22. mai 2009

Om ein held henda over øyra


i matsalen, er det nett same lyden som når ein stikk hovudet under vatn i badekaret og proppen ikkje er i. Kanskje er det slik i andre høglydte folkemassar og?

Eg drøymer om å symja under vatn, i lag med fiskane



Kva drøymer du om?