16. august 2006

Montenegro<3




Første veka i sommarferien drog eg til Montenegro. Det va utruleg kjekt. Me leigde ei leilighet midt i Igalo. Me budde i 2. etage, så det budde "innfødte" både over og under oss. Det var utruleg hygglege menneske som budde der. Rettnok forstod dei nesten norsk betre enn engelsk, så det blei ikkje så veldig mykje komunikasjon for å sei det slik. Snakka litt med mannen som budde over oss. Han jobba som kirurgisk lege i London, så han snakka jo greit engelsk. Det som ikkje var fult så greit var då han fortalde om operasjonane.... usj:S

Badestrendene der er egentleg ikkje noko spesielt å skryta over. Dei hadde ingen sand strender i området kor vi var, berre steinstrender... så me bada på ein sement-stein-lignande brygge. Men det var igrunn like kjekt:) Dei fleste som budde der, bada der og. I Igalo låg det også eit "pleiesenter" eller kva eg skal kalla det. Det heiter ettlanna vansklig namn som eg ikkje kjem på i farta:P Dei dreiv med spa++ Det budde ein haug med døve folk der, og dei kom bort og bada kvar einaste dag. Det var veldig rart å sjå når dei snakka teiknespråk^^,

Ellers var det ei veldig koslig gate som låg rett oppanfor stranda med masse resturangar, butikkar og barar. Og kleda der er BILLIGE...! Kanskje ikkje like god kvalitet på alle då, men det må ein jo nesten rekna med:P

Siste dagen før eg dro heim for å reisa på Action var me på båttur til ei grotte med blått vatn og ei strand på ei anna øy. Var kjempe kult då dei satte "Montenegro-pop" på full guffe og råkjørte inn i grotta!:P Inne i grotta bada vi. Fin avsluttning på turen. Dagen etterpå satte eg meg på flyet åleina for å dra til Oslo. Satt ved sia av ein svenske^^, Var litt kjedleg å reise heim åleine, men når action venta på meg her heime så måtte eg jo berre ta det med eit smil ;)

Eg skal tilbake til Montenegro snart<3>

*bilder kjem* (da e lol å skriva nynorsk:P )

Ingen kommentarer: