29. januar 2009

å leva i presens - smak på da!


"Dagane som kom og dagane som gjekk, ikkje visste eg at det var livet!"

vær tilstades her og no. Nyt dei små augeblinka.

Minne på pinne, du er ei fristerinne

Det er betre å tissa på asfalten, enn å asfaltera tissen..

Da e betre å tissa på stolen, enn å stola på tissen..

Da e ikkje betre å tissa på straumgjerdet, enn å ha straumgjerdet på tissen...

Da e betre å drita seg ut, enn å dø av forstoppelse..

oOo

No har eg og Lars Kristian gjort eit funn!! Som venleg er det matte, som vanleg sit Camilla ved sia av oss og arbeider flittig, som vanleg held resten av klassa på med hundre andre forskjellige ting og som vanleg sit dei og spelar pokemon på bakerste rad...

Midt oppi alt dette fann me ein sannsynleg sannsynlegheitsformel!! Can you believe it!
(YES, WE CAN(ein liten diggresjon berre)
Av all matte i verden e sannsyn, etter mi meining, det mest usannsynlege.. Sett bort i frå denne eine formelen då.. Trist det berre var det første delen i dette kapittelet..

28. januar 2009

På kveldsen..(etter hukommelsen)

Malene har nett laga to digge, rista skjever med brunost og jordbærsyltetøy til seg og Hildegunn;

Hildegunn: Åh, da e så kjekt å vera venna med deg malene! Da komme da bare goe ting ut av!

Malene smilar lykkeleg etter denne kjærleikserkleringa frå si kjære joddlegunn.

Hildegunn: Alt e bra med denna skjevo! (Ho tar seg eit bit) ...Bortsett frå at ho e litt svidd i kantane då.. (Ho lagar tryne før ho tenkjer seg om å seier(med eit glimt i auga) Men da e jo nett sånn så du Malene! Tank at eg klarte å sammenligna deg med ei skjeva!(ganske stolt over si eiga tolking av situasjonen og sjarmørglise klistra godt på kjeften)

Heidi kjem bort.. Ser på den svidda skorpo så ligge på tallerkenen, og ete an.

Heidi: Mmmm! Den va dritt god!!(på trøndersk)

Hildegunn: Ser du Malene, nåken like til og med dei svidde delane av deg og!
(tenkepause)..Detta trur eg at eg ska skriva ei novella om.. Så finst da i alle fall ei novella eg kan klara å tolka og..

Du e meg ei skjønn ei du joddlis :P Da komme ganske mange kjekke ting ut av å vera venna med deg..! ;)

27. januar 2009

bowowow


Dette vert eit sakleg innlegg.. Spyrjesmålet er om det er betre enn noko innlegg i det heile.

Eg sit no i den vakkre kantina på KVV. For å sei det slik; HER ER DET LIV!

..not..

Men alternativet var Fransk.. og det frista ikkje så mykje må eg seie. Men det var då kjekt å sjå korleis dei hadde det her og! :)

Men farlig snart tek eg turen herfra.. Eg og min kjære koffert tek turen viare bort på butikken.. Bussen går nemleg heim att til Framnes om ikkje så alt for lenge, og den bussen aktar eg å vere med på.. Då dette faktisk er den einaste som går i dag(!)
Busstilbuda på landet stinkar.

Briller eg ynskjer meg.. kan ein klandrast??!

Ha ein ellers fin dag/ettermiddag/kveld!
Eventuelt veke.. oppdateringar skjer ikkje så radigt her lenger..

adios amigos!


16. januar 2009

Når livet ikkje smilar til deg...

...og ein føler at ein ikkje får til nokon ting.
For det eksisterar slike dagar også.

13. januar 2009

Om å gje all si kraft til Gud.

MANN! Er det i det heile tatt mogleg å gje alt til han??

Eg lurar på om det er slik at alle som er kristne går gjennom den same prosessen. Av og til verkar det slik. Alle må gjennom dette frå å gjera alt i si eiga kraft, til å gjera det i Herrens. Sjølv om eg har høyrd det så uendeleg mange gonger, har eg aldri tatt dette riktig til meg. Eg har ikkje forstått det. Eg har sjølvsagt ynskja å leva i hans kraft, men eg veit ikkje korleis eg får det til…

På Explore 09 hadde eg ei oppleving. Eg har nemleg tenkt ei stund på dette med å leve i Herrens kraft. Det har plaga meg, for å seie det på den måten. Det var fullt møte, masse trøkk i lovsongen og over 1000 gira ungdommar. Når me kom til songen ”alt til deg” var det at eg stoppa opp litt. Wh000T?? Ikkje søren om eg klarar å gje alt til han, uansett kor mykje eg prøvar! I to år har eg no prøvd å verkeleg gje alt til han. All krafta eg har. Alt eg har hatt til overs etter at alle naudsynte ting som skule osv var unnagjort. Og eg må seie eg er sliten.

Eg veit og at det Gud har lova står han fast ved. Og dette kan umulig vere det Gud har lova oss. Så no har eg vel eigentleg berre kommen til det punktet kor eg har gitt opp heile driten. Å være kristen, kva er vel det? Frå no av er eg berre Malene, 17 år. Nothing less, nothing more. (Ok, kanskje litt meir, men kva skriv ein ikkje for eit rim??) Av erfaring så veit eg at på Framnes er det lett å bli utslitt. Så for å få kraft, les eg no i bibelen. Nyttårsforsettet er å lesa kvar dag. Har høyrt at det magiske talet for å gjere ein ting til ein vane er 21 gjennomføringar eller noko slikt. Så fram til 21 Januar bed eg om at Gud må gje meg kraft, for langt i frå om eg klarar det åleine!

Krafta vert fullenda i svakheit.

5. januar 2009

Malene strikes again

Hohoi. No når eg faktisk skal byrja å skriva ned alle mine tankar og filosofiske oppfattningar rundt livet, dukka det opp ei uventa utfordring. Og det er å faktisk sortere alle tankane oppi der! Trudde eg hadde litt kontroll på mitt naive hovud, men når eg no skal byrja å skriva ned på papiret, eventuelt datamaskina, minnar hovudet mitt mest om ein stor tanketank. Av den typen Humlesnurr har på kontoret sitt, med ein heil haug av lange sylvtrådar som tvinnar seg saman som ei einaste stor spagettigryte. For det fyrste må eg finne ut kva eg eigentleg vil fortelje, deretter korleis eg skal byrja og korleis eg vil formidla meg. Så må eg klare å skilje denne tanken ut i frå resten… Og så er det jo kjekt for dykk, om det i alle fall har eit snev av sakligdom. Til deg som meinar blogging er lett; Gå heim og vugg!

3. januar 2009

konklusjon

Eg sitt her og funderar på grunnen til at eg ikkje har oppdatert på en veldig god stund nå. Eg kan alltids dra den bråkjekke besluttningen om at eg faktisk har hatt et liv i det siste. men skal eg være helt ærlig så e det nok ikkje det som e grunnen. Grunnen, vil eg kanskje tru, er alle desse bloggane som svevar rundt på veven. Alle dei megadyktige bloggane skrivne av kloke menneske med kloke meiningar. Og så er dei sjølvsagt skrivne på ein veldig intelektuell og spennande måte. Tankane mine er ofte ikkje så intellektuelle. Trur eg. I alle fall er det å gå ganske langt ut av "comfort zone" å blottleggja dei her. Eg kan alltids laga ein overfladisk blogg om trygge og daglegdagse ting, og hiva meg på den bølgja. Men eg vil ikkje vere ein slik blogg. For all del, dei kan vera koselege dei og. Men eg vil djupare. Eg vil blogga om livet. Men then again, å bloggja om livet og kva eg tenkjer er sabla skummelt. Eg veit ikkje om eg tørr. Tida vil vise.