24. september 2011

Å få rumpa bar i ein brenneslebusk

...svir faktisk ikkje så mykje som ein skulle tru. Må ein så må ein, men skal hugse å sjekke buskart ved ein seinare anledning.

22. september 2011

Fyrverkeri til å verte bergteken av

Dei gula lauva som fargar bakken og kald luft som blæs friskt, gjer at det kriblar i magen. Store, mjuke skjerf i haustens fargar varmar halsen, og turane på min gamle sykkel vert ei svevande oppleving.

Eg likar å treffa att gamle vener, og gå turar i skogen. Eg likar den friske lufta, og at regnet plaskar ned, slik at ein vert søkkvåt. Eg likar at vêret ikkje klarar å bestemma seg, slik at sola kikkar fram mellom skyene like etter, og ein  plutseleg vart tørr att. Eg likar at det er mørkt ute, og eg likar at når Gud seier ein ikkje treng å bekymra seg for pengar, så meiner Han det. .


Eg likar å sjå gamle episodar av friends og drikka varm sjokolade.   

15. september 2011

He knows





“The Word became flesh and made his dwelling among us.”  John 1:14 NIV
The one to whom we pray knows our feelings. He knows our temptation. He has felt discouraged. He has been hungry and sleepy and tired . . . He nods in understanding when we pray in anger . . . He smiles when we confess our weariness . . .
He, too, knew the drone of the humdrum and the weariness that comes with long days . . . God became flesh and dwelt among us.

10. september 2011

Ein siste slurk av sumaren

I dag rusla eg ned til sjøen her i Sandnes. Det var herleg å ligge på brygga,  medan vinden ruska lett i håret og mine bare tær vågde seg utanfor kanten, truleg for siste gong i år. Å sjå tangen som bølga seg fram og tilbake over steinane, pirra nyskjerrigheita mi over kva som fantes djupare der nede.
Så slo det meg at dette er jo ein byfjord, og at eg kanskje ikkje burde ha for store forhåpningar...


9. september 2011

Kvardag

Brått vert det kveld, etterfulgt av ein ny morgon og ein ny kveld. Dagen gjekk, veka gjekk, månaden gjekk. Og mykje opplevde ein, mykje lærte ein, mange folk traff ein. Og mange folk treff ein ikkje fullt så ofte lenger. Tida dunkar som eit taktfast hjarte.

Når ein gamal klassekamerat ligg sjuk, byrjar tankane å spinna. Alle dei gode minna dukkar opp. Vitsar, latter og tårer. Turane, fellesskapet og hans trygge famn. Gode opplevingar som vart pumpa inn i livet. Ting det er lett å ta for gitt, og gløyme å vera takksam for. Alle dei gode stundene frå plassar ein har flytta ifrå, og menneska der som no har nye kvardagar. Nye kveldar og nye morgonar.

Eit smil lurar seg fram; seriøs og useriøsitet på pulterekka i klasserommet, klassedisco til blinkande lykter i ei hòle på vinterfjellet, leiting etter kidnappa sko i sjøen ved brygga og lange kveldar med gode samtalar. Minna heng tett som perler på ei snor.



Eg gler meg til resten av livet. Eg gler meg til å oppleva fleire minne og kjenna nye folk. Eg gler meg til å sjå att dei gamle. Livet straumar gjennom kroppen. Snart vert du frisk att. Tida har ikkje slutta å slå enno. 

3. september 2011

To jobbar og ein katt


Hei og hopp alle mann,
har kjem ei oppdatering frå mi venstre og høgre hand. 

I lett duett dei over tastane flyg, 
medan eg lyfter blikket og inspirerande tankar til meg syg.

Heime hjå far eg no har mitt rede
til bankkontoen min stutt om stadig får det betre
Eg jobbar og jobbar både dag og natt,
og når svevnen fyrst vert prioritert
er det til ei jamn during frå min kjære katt.

No lyt eg sove før natta luskar seg på
eg ynskjer han velkommen no, men fryktar han då.

Eg lyftar blikket att, men alle poetiske rim og vendingar forsvann
 fortvil ikkje, etter endt nattevakt vil nok oppdateringa mi halde fram

<3

2. mars 2011

Nicaragua


Jepp, eg ante heller ikkje kor i all verda dette landet låg hen, fyrste gong eg høyrte om det. Times are changing derimot, og 8.Mai er det mot dette landet eg sett snuten.(Om du framleis ikkje veit kor det er; i latinamerika, fastlandet ein plass innforbi cuba..) Mi kjære Gunhild oppheld seg der i ca 4 deilige månader, og eg planlegg å vera tilstades dei to siste vekene av dei.(Sickawakka!) Ganske spontant var det eg bestillte bilettar med lånte pengar(daddy, you will get them back), så no vert det nok eit eventyr på meg og H! Bør snart byrje å jobba no, ikkje berre reise :) Eg  gleder med i alle fall stort! Prøvar å spinke og spare på dei pengane eg har  no, slik at det strekk til i alle fall overnatting, og kanskje nokre uforglemmelige dykk når eg er der borte! Noko som eigentleg ikkje bør vera for vanskeleg, med tanke på at ei overnatting med relativt grei frukost kan skaffast for under 50-lappen.. Snakkes snart Gunhild!!!


ser fram til å vandra i desse gatene, medan eg sug til meg av kulturelt liv, luktar og lydar!

Eit glas vin med Sigur Ros. Ein fin kveld.