27. mai 2009


Malene elskar å øva til prøve. Spesielt historie.
Og så snakkar ho om seg sjølv i 3. person, nett slik som Edvard Munc.
Ellers er livet bra.

26. mai 2009

Redd liv, et banan!


På laurdag valsa desse to søtisane rundt på torgallmenningen i byn. Der skulle me selja lodd for misjonsprosjektet/støtteprosjektet til russekullet på skulen vår, og happy ville me hjelpa til. For kva er vel ikkje eit betre resultat for nokre timar i byn, than nye landsbylegar, utbreiing av kunnskap som kan redda liv, hjelp til forfulgte og lese og skrivekunnskap til ein analfabet befolkning i Bangladesh? Så kreative som me var, prøvde me å finna på ein lur måte for å få folk like gira på dette som oss. Lettare sagt enn gjort.. Me vandra rundt der ei særs lang stund utan eigentleg å vite kor me skulle gjere av oss. Eg veit liksom sjølv kor irriterande det kan vere når folk kjem og heile tida vil ha pengane dine til å støtta det og det. Heile tida er det liksom noko, og så kjem dei der og pirrar i samvitet ditt. Har du og det slik nokre gonger? Desto meir dum kjente eg meg egentleg når eg sjølv var id en rolla som gjekk rundt og "kravde" pengar. Det er rart med det, men me er sjukt egoistiske i Noreg. Me er blant dei rikaste i verda, og har mykje meir enn me treng. Likevel rynkar me på nasa når det gjeld å hjelpa menneske som ikkje har hatt like mykje flaks som oss her i livet. For me har hatt utruleg flaks, me som har blitt fødd i Noreg, enten me innsjår det eller ikkje. For å seie det slik, at me svømmar rundt her i vår store velstand med bind for augene forandrar ikkje sanninga. Ei sanning som me bør ta av oss bindet for og sjå i augene. Faktisk bør me gripa oss sjølve midt i vår egosentriske verd, og forstå det ansvaret me har. Me har ein moglegheit til å gjere noko med det og. Me kan til dømes slutta å rynka på nasen neste gong nokon faktisk ofrar si eiga tid til å gå rundt og samla inn pengar til andre. Me kan faktisk gjere noko. Me kan stemma ved valget som snart er rundt hjørnet. Det at me faktisk har ein moglegheit, vil eg påstå gjer at me og har eit ansvar. Menneska der nede er fryktleg langt borte frå vår verd i fleire tydingar, men det gjer ikkje at dei er mindre vert og har mindre rett på eit verdig liv. Eg stemmer for 3% av BNP til u-landa. Kva stemmer du og er du villeg til å gjera ei innsats?

Dagens outfit:



Hadde forresten ein digg lunsj. Testa ut banan (5 kr) i lompe (first price 6,90 kr). Dette smaka faktisk veldig godt, og eg vil hjartens anbefala dette om pengeboka er faretruande tom og det framleis er litt for mange dagar igjen til kontoen fyllast igjen. (Eller om du har gitt alle pengane dine til Bangladesh)

Framgongsmåte:
surr 1 stk heil banan inn i 3-4 lomper.

Anbefaler to slike bananilompe for å verta god og mett.
Passande drikke: Sjokolademilkshake. Eventuelt din personlege favoritt.

Karakter: 4+ (5- med sjokolademilkshaken)

Barn leikar


Altså, kor mange kan skryta på seg eit "barn leikar"-skilt ved inngongen til sin videregåande skule? Eg tykkjer det er herleg. Ein vert nemmleg ikkje vaksen før ein tørr å vera barnsleg! Berre eg som tykkjer det er kjekt å leika? :)

22. mai 2009

Om ein held henda over øyra


i matsalen, er det nett same lyden som når ein stikk hovudet under vatn i badekaret og proppen ikkje er i. Kanskje er det slik i andre høglydte folkemassar og?

Eg drøymer om å symja under vatn, i lag med fiskane



Kva drøymer du om?

18. mai 2009

Me like!

This post is especially for those whom are into photographing.. :) Found this amazing blog with really cool pictures! Picture I want to shout some day! :))

Check out particular the photos from May 11 :D
http://ehhfashion.blogspot.com/



For the streetfashionthing I got this picture:


Sigrid(17) and Jon Einar (18) at the National Day of Norway(May 17). The dress is the local version of the National Costume(called bunad) and Jon in a nice suit. Fits the Mercedes he's driving around;) Vest is hot hot hot!

I didn't catch a photo of the mens version of the National costume, but Hello! At least I think it's hot ;) What's your opinion? Should a man wear bunad or a suit at May 17?


17. mai 2009

:)

http://bloggurat.net/minblogg/registrere/3898186105953338f30b060e7465bb86a6d6c5a2
http://bloggurat.net/kart/registrere/8025/norheimsund

Vene menneske!

Har bestemt meg for å byrja med eit nytt "prosjekt". Eg vil no byrja å blogga meir om alle gatemotane eg treff på min veg, og nokre av dei vil eg og presentera til dykk :) Til inspirasjon, men og for å sjå den herlege blomebuketten av menneske som det faktisk er her på jorda vår! :)

Fyrste er Camilla! 28 år. Gløymde å spørja noko
særleg om stilen hennar, men sånn ellers er ho
musikar! Sjekk ho ut på MySpace :)

16. mai 2009

Check out!


Vil med dette openbera ein ny blogg for dykk! www.krist.in
Søt jente som tek nice bilete og har ein herleg stil, ta ein kikk innom og bli inspirert! Der finn du og linkar vidare til hennar lillebutikk. Billeg, heimelaga tilbehør for eit kreativt ytre, søtt, vintage, second hand osv. For tida har ho og ein konkurranse gåande, der du kan vinna eit gåvekort på heile 80 kr frå hennar butikk :))

Kos dykk!

Street Fashion<3








Liked his bag^^

15. mai 2009

Så det så

Av og til syns eg det ikkje hadde vert naudsynt med risting av sofaputer. Eg tykkjer faktisk at sofaputene kunne ha rista seg sjølv.




Kvalross(?) og ei Skate-babe! Eg forgudar jakka.

2 gode vener og Amos;) Brått traff me og på Vaktmeister 1 og Vaktmeister 2(over, over, nei under, nei over, under, over , under, nei oooover)

Miss Ekkel med ein fing i buksa? Ajaj. Fretex stillar btw med kjole, kven vil vera brudgom?

Dagens outfit:

11. mai 2009

10 rosa fiskar


i ein og same posen! Kva gjer du meg?? :D

Eit fruktbart augneblink i Jondal


9. Mai, rett etter heftig disco på ferjekaien... STIMMUNG! ;)

1. mai 2009

1. mai

1. Mai er fri, og arbeidaranes dag.. Men kvifor?

Den internasjonale arbeiderkongressen kom sammen i Paris i 1889 for å stifte Den annen Internasjonale. Etter forslag fra de fagorganiserte i USA ble 1. mai vedtatt som demonstrasjonsdag. Fra Norge deltok Carl Jeppesen, som sørget for at denne dagen ble valgt også i Norge. Dagen ble første gang feiret i 1890 som arbeidernes egne internasjonale kamp- og festdag. Aldri tidligere hadde arbeidere over hele Europa samlet seg på samme dag til en mønstring for felles krav. Så no veit du da :)

I natt sov eg under stjerneklår himmel i min kjære sovepose! Ein mektig soloppgong fekk eg sjå i fem-tida, noko som var magisk! Har du stått opp for å sjå på soloppgongen før? Stilig når han kjem fram og legg farge på landskapet :) Bør opplevast!

Ellers så har eg chillan med Frisbeegolf og slakkline i dag!<3 All min elsk på da:D Sjekk ut www.slakkline.no og bestill din slakkline i dag! Da har du garantert noe å chille med resten av sommern ;)


Meg, og tyskarane Josh og Ollie som var på besøk i forrige veke :) (på Fløyen;) haha)

Men no har eg ein bischen dårleg tid, for eg skal i bursdag i kveld! STIMMUNG! (stemning på tysk.. til dei som kje skjønte da;)

Ha ein fortreffeleg aften flokens :))