27. november 2006

Ønskelista :D

Sio alle spør, så tenkte eg at eg heller publiserte an her eg... :P


  • ALLE HJEMMELAGA GAVER :D
  • Gitar
  • Skiferie til Østeriket
  • Nye All Star sko! :D
  • Praktiske ting som kan vera kjekt å ha når eg blir stor :)
  • Burton Skibuksa. brun? :)
  • Sangbok/Andre notebøker... eks Verden i sang
  • Hudkremer og Renseprodukter
  • Bodylotion
  • Gym bag/Stor Veska
  • Sånn puff fra ikea med luft inni^^,
  • Sminkebok/Hårfrisyrebok
  • Fotobok
  • Maling-lærret-pensler
  • Morrsomme garn. Tjukt et, og kanskje tjukke strikkepinner. type 10 og oppover :D
  • Klær, eller penger til klær :P
  • Bjørn Borg boxer! :) eller ein anna boxer....
  • Hobbyidebok/sy-egne-klær bok :P
  • Grå Nike joggebuksa i bomull som har strikk i beino
  • Skjerf,lua,votter
  • Kvitt lærbelte med stilig beltespenna
  • Øredobber, smykker og anna tilbehør :)
  • Gavekort p eks Parfymelle, H&M, Carlings,Sko butikken, Jack n Jones,Cubus,Vero Moda, elKjøp
  • Stilig sengesett
  • Parfyme
  • Sko
  • tøfler/ tjukkesokker
  • BRANN effekter :D
  • Ei bok eg kan skriva i.
  • Herlige oppskrifter som ikkje e for vanskelige eller tar for lang tid.
  • "things to do when you get bored" lista. Gjerne innramma ;P
  • Norgesglass med lakris eller sjokolade og fine sløyfa på! :)
  • Inramma sangtekst,dikt eller lignande som e av betydning :P
  • Den første cd'n til Kaizers Orchestra
  • Bjørn Eidsvåg cd
  • Odd Nordstoga -> heim te mor^^
  • Heimabrent med masse bra band og låter spesielt plukka ut til meg:D (Ikkje Vg-lista musikk, med mindre han e EKSTREMT bra) (A):P
  • Heimabrent julacd
  • Kvalitetsmusikk;)
  • Amrikanske komedier på dvd :P
  • eller bare komedier. (filmer som ein kan se opp igjen mange ganger)
  • Fotoalbum med bilder(fra venner:)

+masse masse meir :P BARE FANTASIEN SETTE GRENSER!! :D


DÅkke må senda ønskelista til meg hvis dåkke vil ha gaver i år! ;D hehe

22. november 2006

27 ways to make a girl smile . . . . . :)




*1 . Tell her she is beautiful, not hott, fine or ***y.
*2 . Hold her hand at any moment even if it just for a second.
*3 . Kiss her on the forehead.
*4 . Leave her voice messages to wake up to.
*5 . Always tell her you love her at any and all times.
*6 . When she is upset hold her tight and tell her how much she means to you.
*7 . Recognize the small things . . . they usually mean the most.
*8 . Sing to her no matter how horrible your voice is.
*9 . Pick her over all the other girls you hang out with.
*10 . Write her notes. {she loves them}
*11 . Introduce her to family and friends as your girlfriend.
*12 . Play with her hair.
*13 . Pick her up, tickle her and play-wrestle with her.
*14 . Sit in the park and just talk to her.
*15 . Tell her funny jokes, tell her stupid jokes, just tell her jokes.
*16 . Throw pebbles at her window in the middle of the night just because you missed her.
*17 . Let her fall asleep in your arms.
*18. Carve your names into a Tree.
*19 . If she's mad at you, kiss her.
*20 . Give her piggyback rides.
*21 . Bring her Flowers just because.
*22 . Treat her the same around your friends as you do when your alone.
*23 . Look her in the eyes and smile.
*24 . Let her take as many pictures of you as she wants.
*25 . Slow dance with her, even if there isn't any music playing.
*26 . Kiss her in the rain.
*27 . If your in love with her . . . Tell her.


make love, not war! :)

19. november 2006

Hjemmelaga atlie,hobbyfotograf og wannabemodell :D


Fredag 17. nov lagde me oss t ein lite atlie.. :P Eg ville vera modell og joakim fekk testa ut fotoeigenskapane sine :P Det va kjempearti :D Her e resultatene! :D Bildene har foresten blitt litt gule fordi vi bare hadde gult lys.. :P hehe

meg og Ellen :D ( vi etterligne et bilde i Vouge^^)


Hihi :P Meg og Betti ;D


Ellen, Meg og Elisabet! :)


Meg og ELisabet <3


<3<3<3<3

me skulle vera overlegne... XP


:D




Orh. Prøvde å få inn litt fleire bilder..bl.a av fotografen. men da klikka bare no, så gjer da ein anna gang :P snakkes! :D


17. november 2006

Shopping, Varg Veum og Mc Donalds

I går reiste eg til Bergen med trinnet. Me skulle ha oss ein real runde med shopping, og avslutta kvelden med teater.

Me gleda oss som noen unger. Ikkje nok med at eg hadde jobba revo av meg dei siste dagane for å spara opp noen penger, me skulle på teater og. Var første gongen eg var på det. Alle pynta seg med kjole, dress å allslags :) Va ein opplevelse! Og så var det jo selvfølgelig ein opptur at me såg Varg Veum, og ikkje den tradisjonelle Peer Gynt.... Var kjempe kjekt:)

Me shoppa i fire timer, ogklarte å svi av 700 kr... På både nyttige og unyttige ting...
Sprang fra Gallerie, t Xebishion og ut i gatene.. Va kjempe Gøy:D Avslutta med middag på Mc Donalds.Hvis me kan kalla detiddag... Pressa innvollver og aent gørr dyppa i ein heil del fett og sikkert tilsatt litt fargestoff og aent søppel som dei då kalle hamburgere droppa eg. Endte då opp med å eta eit halvtslapp beger med pomfri, og ein nydlig Mc Flurry t dessert. Einaste som e spisande innpå der :P Brus droppa eg selvfølgelig ettersom han inneholde 70 % isbiter og resten e ein blanding med 50% cola og 50% vann... Men selvfølgelig... Ska kje hindra dåkke som faktisk like maten, å gå der :P

Hadde jaffal ein trivlige tur, men ein trivlige klasse! :D
Glede meg t å reisa t Hovden med dåkke!:)

10. november 2006

Son Of Mine

(to Denis)

My son, youre troubled eyes search mine,
Puzzled and hurt by colour line.
Youre black skin as soft as velvet shine;
What can I tell you, son of mine?


I could tell you of heart beak, hatred blind,
I could tell you of crimes that shame mankind.
Of brutal wrongs and deeds malign,
Of rape and murder, son of mine;


Butt I'll tell instead of brave and fine
When lives of black and white entwine.
And men in brotherhood combine-
This would I tell you, son of mine.


Kath Walker

...

ein til blogg...
eit innfall.

http://mollo91.weblogg.no/

hm

9. november 2006

Annleis

Novelle av Malene Rusten 9.november 2006

Fredag. Skule. To minutt på to. Eg ser ut av vindauget. Regn.”Ja, og så må det huska på at i neste veke er det skulestil og den prøven i..” summar det i bakgrunnen. Læraren vil at vi skal byrja litt på neste vekes arbeid i helga. Ikkje faen.Elevane protesterar. Berre Nelli hald kjeft. Ho er ikkje som dei andre, ho er annleis. Alle skrik ut og gaular i kjeften på kvarandre som svoltne måker som er offer for ei sultkatastrofe i den tredje verda. Alle utanom Nelli. Ho berre sit der og ser fredleg ut. Tenkte. Eg lurte på kva, men spurte ikkje. Trass i bekymringar og liknande, hadde ho ein slags ro. Ein ro me andre berre kunne drøyma om. Kva var det med Nelli?

Det byrja å bråke rundt meg. Stolane skrapa i golvet, og elevane braut ut i gledesrop. No var det offisielt helg. Tanken om to heile dagar og ein kveld til å fylla med nettopp det ein ville var nok tanken som kverna rundt i toppen på dei fleste no. Dette gjaldt derimot ikkje meg. Helg betydde fulle foreldre, mamma som grein, skriking, krangling og vetlesysken som var i stand til å plaga og irritera så mykje at det ville tatt knekken på ein gråstein. I mine auge var helg eit helvete.”

Kva er det til middag?” Eg har nett kommen inn døra heime, og som vanleg står mamma og smågret ned i middagen på komfyren. Ho skundar seg å tørka bort tårene og latar som om ingenting har skjedd. Noko som også er vanleg. Ho trur ikkje at eg veit kor ulukkeleg ho er. At ho grin kvar dag når ho kjem heim frå jobb. Faren min er eit svin. Så utruleg feit og ekkel som ein slik svekkling kan bli. Eg har ikkje talet på kor mange gongar mamma har tatt Pappa og ei anna norsk jente på fersken. Han behandlar dei norske jentene med stor respekt og brukar mange pengar på å tilfredsstilla dei. Han bokstavleg talt gjer ein stor ”f” i korleis ungane hans, og mamma har det. Juaqeline, dama som han er gift med og som oppdrar barna deira. Eg hatar pappa. Så snart eg blir myndig skal eg flytta frå denne driten. Mamma latar som om ho ikkje bryr seg om alt som skjer rundt ho. Er ein gift, så er ein gift. Då handlar det om å gjera det beste ut av situasjonen om det ikkje går heilt som planlagt, seier ho. Men eg veit at ho angrar. Etter at me kom til Noreg har alt bare blitt rot. Drittheim.

Eg ligg på rommet mitt. Tenkjer på Nelli. Lurer på korleis ho har det heime. Korleis familien hennar er. Han er vel perfekt. Rart at ikkje Nelli har nokre venner på skulen i grunn, tenkjer eg. Ho ser jo ut til å ha det så bra. Tankane mine blir avbroten av ei valdsam hamring på døra.
”Kva er det?” ropar eg. Eg høyrer at nokon spring full fart ned trappa og forstår at det berre er Leo, den yngre broren min som er i plagehumør. Eg orkar ikkje tanken på kor lang denne fredagskvelden kjem til å bli. Jævla familie. Eg går heller ut.

”Kor skal du?” Pappa kjem til syne i gangen. Han har ei sur mine festa til panna.
”Ut,” svarar eg. Prøvar å ikkje irritera han meir.
”Ut!? Mor di har ikkje gjort ferdig middagen endå eingong!”
”So what,” utbryt eg. Orkar ikkje meir. Faen ta han.

Kveld. Det regnar framleis. Eg går åleine nedover Karl Johan. Er i dårleg humør. Ikkje havet av fargerike paraplyar og mønstra gummistøvlar får meg i humør eingong. Eg svingar inn på Mc Donalds. Kjenner svolten rumla i magen. Det var ikkje mange folk der i kveld. Dei fleste held seg vel heime og ser på tv og et heimelaga pizza med dei perfekte familiane sine. Litt seinare kjem dei nok ut i Oslokvelden for å festa og ha det kjekt med venner. Eg tenkjer på Pakistan. Der hadde eg og venner.

Eg går til kassen og bestiller. Ein big mac og ein Cola. Det gjekk mange minuttane før eg såg ho. Heilt stille, bakerst i restauranten, sat Nelli og såg i eit blad. Eg bestemte meg for å settja meg med ho. Eg hadde aldri snakka med ho skikkelig før. Ho var så nydleg der ho sat.

”Hei,” seier eg prøvande, og smila litt forsiktig.
”Er det ledig her?”
Nelli ser forundra opp på meg. Først då blei eg nervøs. Drittnervøs.
”Ok.” Det var alt ho sa.
Det var stille ei stund. No drit du på draget seier eg til meg sjølv. Det er ikkje ho som er annleis, det er du! Ein jævla svarting! Har verken venner eller familie. Sjølvklart likar ho ikkje deg! Eg angrar bittert på at eg hadde gått ut av huset i det heile tatt.

Men så skjedde det noko. Nelli byrja å le. Latteren trilla ut av ho, som ein knopp som sprang ut i full blom! Aldri hadde eg høyrd ho le på den måten før. Ho pleier jo berre å sitta å sjå. Men no sitt ho altså her og ler som om ho aldri har ledd før. Du kan seie eg vart ekstremt forundra. Kva i all verden lo ho av?
”Kva er det?” Spør eg ho med eit skrått lite smil, endå litt usikker.
”Nei, eg veit sannleg ikkje. Eg blei berre med eit så utruleg glad!” utbraut ho med et glis rundt munnen før ho byrja å le igjen. Denne gongen lo eg med. Ho hadde rett. Eg kjende eg eigentleg var ganske glad eg og. Lett og fri. Alle sorgene og bekymringane hadde eg lagt igjen utanfor. Det føltes herleg å sitta her å berre le. Og i alle fall når det var med Nelli.

”Kvifor sit du her aleine eigentleg?” spør eg ho når me har ledd i frå oss.
Eg trudde ho, som alle andre, sat heime og kosa seg med dei perfekte familiane sine nett no.
”Eg måtte ut,” svarar ho ganske kjapt før ho held fram, ”kan ikkje fordra fredagskveldane. Er så sjukt klisjé. Og vetlesystera mi går meg bokstavleg talt på nervane. Det skal liksom vera så koseleg, men veit du kva. Eg får heilt klaus!”
Eg kunne ikkje tro mine eigne øyrer. Eg som trudde at heimekos med familien var toppen av lukke!
”Eg plar å rømma ned hit,” svarar ho med eit flir.
Ho er verkeleg nydeleg tenkjer eg lengtande.
”Kva er din unnskyldning for å stikka av frå familie og venner og valsa rundt her heilt åleine då?” spør ho meg.
Eg blir taus ei stund. Tenkjer. Korleis enda eg opp her i grunn? For mykje familie? For lite familie? Fordi eg ikkje har ein einaste venn? Fordi eg hatar pappa? Fordi Leo går meg på nervane? Fordi eg ikkje kan fordra fredagskveldar? Fordi familien min er annleis? Fordi eg ikkje passar inn nokon stad?”Måtte ha meg ein tur ut,” svarar eg.

Det som skjedde etterpå hadde eg ikkje trudd. Ho nikka, og eg forstod at ho skjønte kva det var eg hadde tenkt. Ho skjønte korleis eg hadde det. Og eg såg at det var akkurat slik ho hadde det og! Ho var ikkje berre den jenta som liksom sat der fredleg og kikka. Det var verkeleg meir i den roa hennar. Ho hadde like mange bekymringar som meg. Ho hadde også den følelsen av å ikkje heilt finna ein plass i systemet. Finna ein plass som ein er tilfreds og trivest med. Ein plass kor du har det bra og folk likar deg og sett pris på deg.

Nelli hadde blitt glad då eg kom. Invadert Mc Donaldsen hennar. Til og med ledd! Eg var glad. Eg var så umenskeleg glad at det kribla i heile kroppen!

Eg såg rundt meg. Mc Donalds. Fredag kveld. Nelli.Me hadde definitivt funne vår plass i systemet.