13. august 2009

<3

Ah, for ein herleg dag! :) Sola skin frå ein nesten skyfri himmel( i alle fall det eg kan sjå ut av vindauget), graset er nyklypt og eg har just funne ei digg bolleoppskrift eg skal gå i gong med. Eg likar slike dagar der eg berre puslar rundt med skikkelig husmorting :P Har liksom ikkje tid til det i det vanlege. Berre ein liten ting som skulle vert annleis, så hadde denne dagen vert nær til fantastisk! :D


festivalminne<3

Så no skal eg kosa meg med P4 (skru opp lyden dere, det er sommer!), kanskje litt bilteori og etterkvart denne:

200 g smør eller margarin
6 dl mjølk
2 pakkar gjær
2 ts kardemomme
2 egg
2 liter kveitemjøl

Sett steikeomnen på 200 grader. (Eg tøysar ikkje, gjærmengda gjer at desse bollane hevar superfort.) Smelt smøret i ein kjele. Ha i mjølka, og la det heile bli fingervarmt. Smuldre opp gjæra i ein stor bakebolle, eg brukar kjøkkenmaskin til dette. Slå den fingervarme mjølkeblandinga over, og løys opp gjæra. Ha sukker og kardemomme i bollen, saman med to samanvispa egg. (Eg har lagd desse bollane utan egg, og det går også fint, så har du ikkje egg kan du bake dei for det.) Ha i mjølet litt etter litt til du får ein passe fast deig. Når du har hatt oppi 1,7 liter mjøl kan du byrje å kjenne på deigen med ein tørr finger. Deigen er passe når den ikkje lenger klistrar seg til fingeren. La deigen heve i 20-30 minutt.

Vil du lage vanlege bollar, trillar du ut passe store bollar med eller utan rosiner. Denne deigen gir ca. 25-30 bollar. Pisk saman eit egg som du penslar dei med, før du let dei heve. Steik bollane på 200 grader midt i omnen i 15-18 minutt.

1 kommentar:

Elisabet (: sa...

ntå, Skjærgåårds:)<3