17. juni 2010

Noko å fylla litt av tomrommet med, no når alt brått er over. Og så er det jo kjekt å skriva då.

Det er ikkje berre til å stikka under ein stol; det faktum at eg alltid har likt meg på skulebenken. Det har riktig nok vert eit pes med prøvar og innleveringar, og alt det styret der, men å sitja at med kunnskapen og ny innsikt likar eg veldig godt. Det er derfor også med ein smule vemod at eg no har avslutta tretten års skulegong. Artium i boks, check, men kva no? Eit år på folkehøgskule vil sikkert gje meg litt hovudbry, men ikkje som på skulen. Eg kjem til å verta dum som eit kålhovud, og all kunnskap vil jo forgå om eg berre driv med slike kjekke, kroppslege utfaldingar i eit heilt år! I desperasjonens augneblink var det løysinga kom til meg; eg måtte

byrje å blogga att. Slik kan eg få halda ved like det vakraste skriftspråket, få bryna meg på ulike saker og ting, og folkens; eg ynskjer meg med dette ei framandordbok! ”Weirdo”, tenkjer du kanskje no, ”du har jo nett vorte ein fri fugl!” Fri til å velja å suga til meg meir kunnskap tenkjer eg, og eg finn det ekstra underhaldande om eg får bruka slike kjekke ord! Kanskje er det slik att eg tek meg litt for mykje vatn over hovudet no (eg gjer strengt tatt det, har jo ikkje planar om å tilbakeleggja meg så mange lærebøker med det første… Ikkje er eg alt for glad i å sjå på nyhende heller), men det er jo lov å drauma. Og å reflektera litt. Ei klok tante sa ein gong til meg; ”To be all that is possible, we must attempt the impossible. To be all that we can be, we must dream of being more”.

Med desse kloke orda, som eg burde ha funne ut kven som har eigarrett på, inviterer eg deg til å følgje bloggen min att. Dette om du er interessert i mine refleksjonar, kvardagsbegeistringar eller rett og slett finn all nynorsk verdt å lesa!

Farewell to what have been, hello to what will come! :)

1 kommentar:

Barbro sa...

Jeg gleder meg til å følge deg i blogg og hjarte kjære mallemor.
Og forresten -fremmedordboka di kan få lov til å være venn med min. Den er blå og fin :)