9. september 2011

Kvardag

Brått vert det kveld, etterfulgt av ein ny morgon og ein ny kveld. Dagen gjekk, veka gjekk, månaden gjekk. Og mykje opplevde ein, mykje lærte ein, mange folk traff ein. Og mange folk treff ein ikkje fullt så ofte lenger. Tida dunkar som eit taktfast hjarte.

Når ein gamal klassekamerat ligg sjuk, byrjar tankane å spinna. Alle dei gode minna dukkar opp. Vitsar, latter og tårer. Turane, fellesskapet og hans trygge famn. Gode opplevingar som vart pumpa inn i livet. Ting det er lett å ta for gitt, og gløyme å vera takksam for. Alle dei gode stundene frå plassar ein har flytta ifrå, og menneska der som no har nye kvardagar. Nye kveldar og nye morgonar.

Eit smil lurar seg fram; seriøs og useriøsitet på pulterekka i klasserommet, klassedisco til blinkande lykter i ei hòle på vinterfjellet, leiting etter kidnappa sko i sjøen ved brygga og lange kveldar med gode samtalar. Minna heng tett som perler på ei snor.



Eg gler meg til resten av livet. Eg gler meg til å oppleva fleire minne og kjenna nye folk. Eg gler meg til å sjå att dei gamle. Livet straumar gjennom kroppen. Snart vert du frisk att. Tida har ikkje slutta å slå enno. 

3 kommentarer:

Maren sa...

Maaalene! Du blogger jo :) Dagens beste overraskelse. Da er det jo som om du er her hos meg.

Barbro sa...

Fine ord... snart blir han frisk igjen :)

Lars Kristian sa...

Å, no blei eg glad! E da nåkedu kan Malene, så e det å varma eit hjarte :))) og mange andre ting er du flink til også, kunne skrive ei god bok om deg ;) kanskje eg skal gjere det ein dag?

LK