19. oktober 2006

Likevel var det ikkje nok tid

Tid.
Korleis kan det avgjere så mykje?
Kvifor hindrar det deg og meg?

Kvifor er det ikkje fleire minutt i ein time?
Kvifor er det ikkje fleire timer i eit døgn,
fleire døgn i ein dag og fleire dagar i ei veke?

Kvifor hindrar tida oss?
Kvifor hindrar tida deg?


Eg kan leva på luft i mange dagar.
Berre eg får ti minutt med deg.
Kjenna deg. Snakka med deg. Le med deg.
I ti minutt.


Kvifor er tida så avgjerande for kjerleiken?



Tida er dyrebar.
Tida mi brukar eg på deg. I tankane mine.
Eg saknar deg.
Du er dyrebar
Så eg brukar tida mi på å sakne deg.

Kva brukar du tida di på?



"Tid går ikkje, tid kjem"


Likevel var det ikkje nok tid.

Ingen kommentarer: