9. november 2006

Annleis

Novelle av Malene Rusten 9.november 2006

Fredag. Skule. To minutt på to. Eg ser ut av vindauget. Regn.”Ja, og så må det huska på at i neste veke er det skulestil og den prøven i..” summar det i bakgrunnen. Læraren vil at vi skal byrja litt på neste vekes arbeid i helga. Ikkje faen.Elevane protesterar. Berre Nelli hald kjeft. Ho er ikkje som dei andre, ho er annleis. Alle skrik ut og gaular i kjeften på kvarandre som svoltne måker som er offer for ei sultkatastrofe i den tredje verda. Alle utanom Nelli. Ho berre sit der og ser fredleg ut. Tenkte. Eg lurte på kva, men spurte ikkje. Trass i bekymringar og liknande, hadde ho ein slags ro. Ein ro me andre berre kunne drøyma om. Kva var det med Nelli?

Det byrja å bråke rundt meg. Stolane skrapa i golvet, og elevane braut ut i gledesrop. No var det offisielt helg. Tanken om to heile dagar og ein kveld til å fylla med nettopp det ein ville var nok tanken som kverna rundt i toppen på dei fleste no. Dette gjaldt derimot ikkje meg. Helg betydde fulle foreldre, mamma som grein, skriking, krangling og vetlesysken som var i stand til å plaga og irritera så mykje at det ville tatt knekken på ein gråstein. I mine auge var helg eit helvete.”

Kva er det til middag?” Eg har nett kommen inn døra heime, og som vanleg står mamma og smågret ned i middagen på komfyren. Ho skundar seg å tørka bort tårene og latar som om ingenting har skjedd. Noko som også er vanleg. Ho trur ikkje at eg veit kor ulukkeleg ho er. At ho grin kvar dag når ho kjem heim frå jobb. Faren min er eit svin. Så utruleg feit og ekkel som ein slik svekkling kan bli. Eg har ikkje talet på kor mange gongar mamma har tatt Pappa og ei anna norsk jente på fersken. Han behandlar dei norske jentene med stor respekt og brukar mange pengar på å tilfredsstilla dei. Han bokstavleg talt gjer ein stor ”f” i korleis ungane hans, og mamma har det. Juaqeline, dama som han er gift med og som oppdrar barna deira. Eg hatar pappa. Så snart eg blir myndig skal eg flytta frå denne driten. Mamma latar som om ho ikkje bryr seg om alt som skjer rundt ho. Er ein gift, så er ein gift. Då handlar det om å gjera det beste ut av situasjonen om det ikkje går heilt som planlagt, seier ho. Men eg veit at ho angrar. Etter at me kom til Noreg har alt bare blitt rot. Drittheim.

Eg ligg på rommet mitt. Tenkjer på Nelli. Lurer på korleis ho har det heime. Korleis familien hennar er. Han er vel perfekt. Rart at ikkje Nelli har nokre venner på skulen i grunn, tenkjer eg. Ho ser jo ut til å ha det så bra. Tankane mine blir avbroten av ei valdsam hamring på døra.
”Kva er det?” ropar eg. Eg høyrer at nokon spring full fart ned trappa og forstår at det berre er Leo, den yngre broren min som er i plagehumør. Eg orkar ikkje tanken på kor lang denne fredagskvelden kjem til å bli. Jævla familie. Eg går heller ut.

”Kor skal du?” Pappa kjem til syne i gangen. Han har ei sur mine festa til panna.
”Ut,” svarar eg. Prøvar å ikkje irritera han meir.
”Ut!? Mor di har ikkje gjort ferdig middagen endå eingong!”
”So what,” utbryt eg. Orkar ikkje meir. Faen ta han.

Kveld. Det regnar framleis. Eg går åleine nedover Karl Johan. Er i dårleg humør. Ikkje havet av fargerike paraplyar og mønstra gummistøvlar får meg i humør eingong. Eg svingar inn på Mc Donalds. Kjenner svolten rumla i magen. Det var ikkje mange folk der i kveld. Dei fleste held seg vel heime og ser på tv og et heimelaga pizza med dei perfekte familiane sine. Litt seinare kjem dei nok ut i Oslokvelden for å festa og ha det kjekt med venner. Eg tenkjer på Pakistan. Der hadde eg og venner.

Eg går til kassen og bestiller. Ein big mac og ein Cola. Det gjekk mange minuttane før eg såg ho. Heilt stille, bakerst i restauranten, sat Nelli og såg i eit blad. Eg bestemte meg for å settja meg med ho. Eg hadde aldri snakka med ho skikkelig før. Ho var så nydleg der ho sat.

”Hei,” seier eg prøvande, og smila litt forsiktig.
”Er det ledig her?”
Nelli ser forundra opp på meg. Først då blei eg nervøs. Drittnervøs.
”Ok.” Det var alt ho sa.
Det var stille ei stund. No drit du på draget seier eg til meg sjølv. Det er ikkje ho som er annleis, det er du! Ein jævla svarting! Har verken venner eller familie. Sjølvklart likar ho ikkje deg! Eg angrar bittert på at eg hadde gått ut av huset i det heile tatt.

Men så skjedde det noko. Nelli byrja å le. Latteren trilla ut av ho, som ein knopp som sprang ut i full blom! Aldri hadde eg høyrd ho le på den måten før. Ho pleier jo berre å sitta å sjå. Men no sitt ho altså her og ler som om ho aldri har ledd før. Du kan seie eg vart ekstremt forundra. Kva i all verden lo ho av?
”Kva er det?” Spør eg ho med eit skrått lite smil, endå litt usikker.
”Nei, eg veit sannleg ikkje. Eg blei berre med eit så utruleg glad!” utbraut ho med et glis rundt munnen før ho byrja å le igjen. Denne gongen lo eg med. Ho hadde rett. Eg kjende eg eigentleg var ganske glad eg og. Lett og fri. Alle sorgene og bekymringane hadde eg lagt igjen utanfor. Det føltes herleg å sitta her å berre le. Og i alle fall når det var med Nelli.

”Kvifor sit du her aleine eigentleg?” spør eg ho når me har ledd i frå oss.
Eg trudde ho, som alle andre, sat heime og kosa seg med dei perfekte familiane sine nett no.
”Eg måtte ut,” svarar ho ganske kjapt før ho held fram, ”kan ikkje fordra fredagskveldane. Er så sjukt klisjé. Og vetlesystera mi går meg bokstavleg talt på nervane. Det skal liksom vera så koseleg, men veit du kva. Eg får heilt klaus!”
Eg kunne ikkje tro mine eigne øyrer. Eg som trudde at heimekos med familien var toppen av lukke!
”Eg plar å rømma ned hit,” svarar ho med eit flir.
Ho er verkeleg nydeleg tenkjer eg lengtande.
”Kva er din unnskyldning for å stikka av frå familie og venner og valsa rundt her heilt åleine då?” spør ho meg.
Eg blir taus ei stund. Tenkjer. Korleis enda eg opp her i grunn? For mykje familie? For lite familie? Fordi eg ikkje har ein einaste venn? Fordi eg hatar pappa? Fordi Leo går meg på nervane? Fordi eg ikkje kan fordra fredagskveldar? Fordi familien min er annleis? Fordi eg ikkje passar inn nokon stad?”Måtte ha meg ein tur ut,” svarar eg.

Det som skjedde etterpå hadde eg ikkje trudd. Ho nikka, og eg forstod at ho skjønte kva det var eg hadde tenkt. Ho skjønte korleis eg hadde det. Og eg såg at det var akkurat slik ho hadde det og! Ho var ikkje berre den jenta som liksom sat der fredleg og kikka. Det var verkeleg meir i den roa hennar. Ho hadde like mange bekymringar som meg. Ho hadde også den følelsen av å ikkje heilt finna ein plass i systemet. Finna ein plass som ein er tilfreds og trivest med. Ein plass kor du har det bra og folk likar deg og sett pris på deg.

Nelli hadde blitt glad då eg kom. Invadert Mc Donaldsen hennar. Til og med ledd! Eg var glad. Eg var så umenskeleg glad at det kribla i heile kroppen!

Eg såg rundt meg. Mc Donalds. Fredag kveld. Nelli.Me hadde definitivt funne vår plass i systemet.

7 kommentarer:

Sindre sa...

Oi, bra tekst, veldig bra! Du er virkelig flink;)

Grete Emilie sa...

Kjempe bra tekst Malene :)
fin historie!
Klem <3

Anonym sa...

Hei!
Kjempebra skreve:D God historie. Du er verkeleg flink til å skriva.

Anonym sa...

halla!
så du blogger du...
va faktisk ganske brae du...
fekk vell ein fin karakter på den du":D

Malene sa...

Jepp I did:D:D 5+ :D

Anonym sa...

oi, ska sei:P din va jo drittbra:P

<3

Anonym sa...

Syykt bra :D
genialt språk ! skreiv du den på ein tentamen ,vedda på du fekk 6pr ? ^_^
Susna !