13. januar 2009

Om å gje all si kraft til Gud.

MANN! Er det i det heile tatt mogleg å gje alt til han??

Eg lurar på om det er slik at alle som er kristne går gjennom den same prosessen. Av og til verkar det slik. Alle må gjennom dette frå å gjera alt i si eiga kraft, til å gjera det i Herrens. Sjølv om eg har høyrd det så uendeleg mange gonger, har eg aldri tatt dette riktig til meg. Eg har ikkje forstått det. Eg har sjølvsagt ynskja å leva i hans kraft, men eg veit ikkje korleis eg får det til…

På Explore 09 hadde eg ei oppleving. Eg har nemleg tenkt ei stund på dette med å leve i Herrens kraft. Det har plaga meg, for å seie det på den måten. Det var fullt møte, masse trøkk i lovsongen og over 1000 gira ungdommar. Når me kom til songen ”alt til deg” var det at eg stoppa opp litt. Wh000T?? Ikkje søren om eg klarar å gje alt til han, uansett kor mykje eg prøvar! I to år har eg no prøvd å verkeleg gje alt til han. All krafta eg har. Alt eg har hatt til overs etter at alle naudsynte ting som skule osv var unnagjort. Og eg må seie eg er sliten.

Eg veit og at det Gud har lova står han fast ved. Og dette kan umulig vere det Gud har lova oss. Så no har eg vel eigentleg berre kommen til det punktet kor eg har gitt opp heile driten. Å være kristen, kva er vel det? Frå no av er eg berre Malene, 17 år. Nothing less, nothing more. (Ok, kanskje litt meir, men kva skriv ein ikkje for eit rim??) Av erfaring så veit eg at på Framnes er det lett å bli utslitt. Så for å få kraft, les eg no i bibelen. Nyttårsforsettet er å lesa kvar dag. Har høyrt at det magiske talet for å gjere ein ting til ein vane er 21 gjennomføringar eller noko slikt. Så fram til 21 Januar bed eg om at Gud må gje meg kraft, for langt i frå om eg klarar det åleine!

Krafta vert fullenda i svakheit.

3 kommentarer:

Helge sa...

Så svaret på at en ikke klarer å gi all kraften sin til Gud er å gi opp alt?

Gud gav oss ikke motløshetens ånd, men ...

2 tim 1,6-8
6 Derfor vil jeg minne deg om dette: La Guds nådegave i deg flamme opp på nytt, den du fikk da jeg la hendene på deg! 7 For Gud ga oss ikke en ånd som gjør motløs; vi fikk Ånden som gir kraft, kjærlighet og visdom. 8 Skam deg da ikke over vitnesbyrdet om vår Herre og heller ikke over meg som er fange for hans skyld, men bær lidelsene for evangeliet, du også, i den kraft Gud gir.

http://www.youtube.com/watch?v=yK0wks-0DGc

Malene sa...

Det eg prøvde å få fram med innlegget e at eg ikkje vil ha fokuset på ting eg gjør. På å hele tiden prøve å være sterk i meg sjølv og gjøre masse bra greier. Men helt ærlig så har eg ikkje peiling, eg har ikkje noe svar. Så det med å skrive at eg har gitt opp, så meinte eg at eg hadde gitt opp å prøve å være så innmari sterk i min egen kraft. (det va muligens litt uklart) Men å heller bruke mere tid med Gud, for å bli bedre kjent med han. For å innse (som i linken) at det handle ikkje om at eg skal prestere, men om det han allerede har gjort.

Helge sa...

Då e eg enig med deg. Eg reagerte berre litt på at å gje opp e et valg i ein sann situasjon, men da va berre eg som misforsto innlegget ditt.

Kjempe at du har tenkt å bruka meir tid med Gud. Eg ska be for deg.