1. februar 2009

Litt filosofiering her berre

No tek eg opp ein tråd Marita skreiv litt om her for ei tid tilbake.. Om å ikkje hive på seg ei maske og "tilpasse" seg situasjonen og menneska rundt. For å setje det litt på spissen.. Men å alltid vere seg sjølv. Eg må vere einig i at det er drita vanskeleg..! Og så vart det skrive noko om på at internatskule kunne det og verta intenst osv.. Men du trur ikkje at dette kan gjere at ein blir meir bevisst over kven ein er? Det går ei tid, ein vert utslitt og endar forhåpentlegvis i eit oppgjer med seg sjølv. Tenkjer igjennom kva det er du syns er viktig, kva du syns er kjekt, og kva som gjer deg noko. Kva er ditt mål og kva er dine verdiar her i livet? I møte med så mange nye menneske kan ein jo nesten "velje" litt korleis ein vil vere.. Du har jo den "båsen" du vart satt i der du budde. Kven du var på ungdomsskulen. Men kven er du no? Lurar på om eg er inne i ei tid der eg held på å bli betre kjend med meg sjølv. Eg prøvar kanskje ut ulike ting, ser kva som funkar for meg og kva som ikkje gjer det. Det å verta kjend med seg sjølv. Heime er det jo slik at ein er den same som ein har vert sidan ein var liten. Det "båsen" og gjengen heime ein vart satt i, lev ein kanskje framleis i. Og det er jo nødvendigvis ikkje sikkert at denne båsen stemmer, sjølv om du med tida har godtatt at "slik er eg". Eller kanskje det ikkje har noko med å koma i eit nytt miljø. Kanskje det berre har med det at ein veks.. Uansett så kan det verta deilig å koma til nye menneske og seie at dette er meg, take it or leave it. Samstundes som ein har vissheten om at det uansett er nokon der ute som kjem godt overens med deg og godtar deg. At ein rett og slett kan vere trygg på seg sjølv og akseptere at ein ikkje kan tilfredstille alle menneske. At kvar og ein er ein eigen liten særing, og at det viktigaste, det er at ein er tru mot seg sjølv og er heil i si ferd. Andre tankar rundt tema?

om biletet har noko med saken å gjere? kanskje..

Ingen kommentarer: