5. januar 2009

Malene strikes again

Hohoi. No når eg faktisk skal byrja å skriva ned alle mine tankar og filosofiske oppfattningar rundt livet, dukka det opp ei uventa utfordring. Og det er å faktisk sortere alle tankane oppi der! Trudde eg hadde litt kontroll på mitt naive hovud, men når eg no skal byrja å skriva ned på papiret, eventuelt datamaskina, minnar hovudet mitt mest om ein stor tanketank. Av den typen Humlesnurr har på kontoret sitt, med ein heil haug av lange sylvtrådar som tvinnar seg saman som ei einaste stor spagettigryte. For det fyrste må eg finne ut kva eg eigentleg vil fortelje, deretter korleis eg skal byrja og korleis eg vil formidla meg. Så må eg klare å skilje denne tanken ut i frå resten… Og så er det jo kjekt for dykk, om det i alle fall har eit snev av sakligdom. Til deg som meinar blogging er lett; Gå heim og vugg!

7 kommentarer:

Elisabet (: sa...

Eg bøyer meg i dumba for teikninga, malene..:)

og for dei som ikkje er så opplyst i det vene ordforrådet i nynorsken, tyder dumba støvet. No veit de det:)

Malene sa...

takk for nye(gamle) ord elisabet, det set me pris på ;)

victoria elisabeth,- sa...

*tenke tenke tenke * haha gå hjem å vugg,du er flink til å tegne ^^ hehe

Isabell sa...

Eg skjønar kva du meiner Malene! Er ikkje alltid like lett å setje tankar ned på papiret...

SILJE sa...

Du e så flinke i <3Nynorsk<3 Vakkert skriftspråk:)

SILJE sa...

Du e så flinke i <3Nynorsk<3 Vakkert skriftspråk:)

Barbro sa...

så sant, så sant.
Der kom det jo en småfilosofisk betraktning av livet, malene. ¨
keep it coming.