26. mai 2009

Redd liv, et banan!


På laurdag valsa desse to søtisane rundt på torgallmenningen i byn. Der skulle me selja lodd for misjonsprosjektet/støtteprosjektet til russekullet på skulen vår, og happy ville me hjelpa til. For kva er vel ikkje eit betre resultat for nokre timar i byn, than nye landsbylegar, utbreiing av kunnskap som kan redda liv, hjelp til forfulgte og lese og skrivekunnskap til ein analfabet befolkning i Bangladesh? Så kreative som me var, prøvde me å finna på ein lur måte for å få folk like gira på dette som oss. Lettare sagt enn gjort.. Me vandra rundt der ei særs lang stund utan eigentleg å vite kor me skulle gjere av oss. Eg veit liksom sjølv kor irriterande det kan vere når folk kjem og heile tida vil ha pengane dine til å støtta det og det. Heile tida er det liksom noko, og så kjem dei der og pirrar i samvitet ditt. Har du og det slik nokre gonger? Desto meir dum kjente eg meg egentleg når eg sjølv var id en rolla som gjekk rundt og "kravde" pengar. Det er rart med det, men me er sjukt egoistiske i Noreg. Me er blant dei rikaste i verda, og har mykje meir enn me treng. Likevel rynkar me på nasa når det gjeld å hjelpa menneske som ikkje har hatt like mykje flaks som oss her i livet. For me har hatt utruleg flaks, me som har blitt fødd i Noreg, enten me innsjår det eller ikkje. For å seie det slik, at me svømmar rundt her i vår store velstand med bind for augene forandrar ikkje sanninga. Ei sanning som me bør ta av oss bindet for og sjå i augene. Faktisk bør me gripa oss sjølve midt i vår egosentriske verd, og forstå det ansvaret me har. Me har ein moglegheit til å gjere noko med det og. Me kan til dømes slutta å rynka på nasen neste gong nokon faktisk ofrar si eiga tid til å gå rundt og samla inn pengar til andre. Me kan faktisk gjere noko. Me kan stemma ved valget som snart er rundt hjørnet. Det at me faktisk har ein moglegheit, vil eg påstå gjer at me og har eit ansvar. Menneska der nede er fryktleg langt borte frå vår verd i fleire tydingar, men det gjer ikkje at dei er mindre vert og har mindre rett på eit verdig liv. Eg stemmer for 3% av BNP til u-landa. Kva stemmer du og er du villeg til å gjera ei innsats?

Dagens outfit:



Hadde forresten ein digg lunsj. Testa ut banan (5 kr) i lompe (first price 6,90 kr). Dette smaka faktisk veldig godt, og eg vil hjartens anbefala dette om pengeboka er faretruande tom og det framleis er litt for mange dagar igjen til kontoen fyllast igjen. (Eller om du har gitt alle pengane dine til Bangladesh)

Framgongsmåte:
surr 1 stk heil banan inn i 3-4 lomper.

Anbefaler to slike bananilompe for å verta god og mett.
Passande drikke: Sjokolademilkshake. Eventuelt din personlege favoritt.

Karakter: 4+ (5- med sjokolademilkshaken)

5 kommentarer:

Marita sa...

Det er ofte altfor lett og stengje ute det ein ikkje kan sjå og heller berre tenkje på seg sjølv og det ein står midt oppi. Veldig ofte. Det er dumt. Veldig dumt.

Eg skal definitivt prøva banan i lompe! Det såg godt ut! Sært, men godt(Slik er det forresten ofte; at det sære er godt meiner eg).

Fresht antrekk!

Du lyser opp kvardagen, Malene:) Fortsett å ver deg sjølv:)

Malene sa...

hjartens takk for ein fin kommentar! :)

Ja, eg trur det der er noko dei fleste kan arbeida med, inkludert meg sjølv...

Bananilompe ftw! sært lika vi;)

Hildegunn sa...

DU e så UNG!!! seier ho.. medan ho skrattar og ler og kosar seg!!

Byrknes sa...

SYKT BRA JENTER! STÅ PÅ!

kristin sa...

Oh, banan i lompe? Hørtes kult ut ;D